Arbeidssituasjonen har gjennom det siste året vore annleis og krevjande for alle tilsette i kommunen.

De har alle gjort ein formidabel innsats for å sikre eit godt og trygt tenestetilbod under den pågåande pandemien.

Tilsette har vore svært dyktige til å kunne omstille seg ein ny arbeidskvardag med nye rutinar, metodar og utføring av arbeidsoppgåver. Det er krevjande i ein allereie pressa arbeidssituasjon.

Avslutningsvis vil kommunedirektøren gje ein symbolsk takk ved å kjøpe kaker til alle arbeidsplassane i kommunen, og ynskje kvar og ein av dykk ein riktig god sommar.

 

Finn Arne Askje, kommunedirektør