Hans Gunnar Hunsdal kjem frå Dalen, men bur i dag i Seljord. Han har lang erfaring innan drift av IT system og har siste tolv åra jobba i firmaet Aspit AS der han har vore sentral i drift av kommunale system for mellom anna kommunane Seljord, Nissedal og Fyresdal. Han har god kjennskap til systema vi nyttar både i drift og på fagområda i kommunen. Vi er svært glad for at Hans Gunnar valte oss og vi ynskjer han velkomen.