Til tilsette som jobbar i Tokke kommune

Med bakgrunn i smittesituasjonen i Noreg og av omsyn av innbyggjarar i Tokke kommune har kommunen innskjerpa krav og bestemt fylgjande:  

Utanlandsreiser

Alle tilsette i Tokke kommune har frå i dag reiseforbod til land med stor smittespreiing. Har du avtalt/bestilt reise allereie må du kontakte næraste leiar så fort som råd. Grunnen til reiseforbod er å sikre nok arbeidskraft på arbeidsstaden og hindre smittespreiing. Det kan bli problematisk med 14 dagars karantene og etterfølgjande sjukefråvær.

Arbeidstakarar som vel å reise på tross av gjeldande råd, kan miste retten til sjukepengar i arbeidsgivarperioden (14 dagar). I slike tilfelle kan det avtalast ferie, avspasering eller ulønna permisjon.

Det er og sterk oppmoding å ikkje reise til andre land og nærmaste leiar må informerast om det. Kommune ber også at tilsette ikkje besøker stader der ein kjem i kontakt med mange menneske.

Møter og arrangement

Det er ikkje tillate å delta på møte/arrangement utanfor kommunen utan godkjenning frå leiar. 

Sjå oppdaterta informasjon til befolkningen om koronaviruset på Tokke kommune`s heimesider.