Helse og omsorgsetaten lyser ut to 20 -40 % prosjektstilling som aktivitets og besøksvert i perioden 01.09.21 – 31.12.21, med eventuell forlengelse. Stillinga er knytt til dagavdelinga. 

Målet med stillinga er å stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt, slik at personar i målgruppa får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine nærmaste. Målgruppa er eldre personar som er langtidsbuande i sjukeheim og i omsorgsbustader med heildøgns bemanning, samt heimebuande einsame eldre.

Du som søkjer må vera god til å organisere deg sjølv og andre og vera initiativrik. Du må vera fleksibel og samarbeide godt med andre i organisasjonen.

Søker må ha førerkort og det kan vera aktuelt å disponere eiga bil.

Stillinga kan godt kombinerast med andre stillingar i etaten.

 

Dersom du er interessert ta gjerne kontakt med Silje Andrea Kyrkjebø, avdelingsleiar i heimetenesta tlf: 473 99 988.

Søknad sendast på elektronisk søknadsskjema her